Victor Sotberg blir teikneserieforfattar

No har Victor Sotberg avslørt kva han skal gjera etter «FlippKlipp».

Fleire barn vart veldig lei seg då nyheita om at Victor Sotberg sluttar i «FlippKlipp», kom ut for ei vekes tid sidan. Men for Victor var det rett å testa noko nytt. For no følte han at han var klar for å gå vidare, fortel han til VG.

Då han fortalde at han slutta i «FlippKlipp», nemnde han at han snart kom til å komma ut med noko nytt «som han ikkje kunne snakka om enda». Men no kan han endeleg fortelja.

Saman med teikneserieskapar og instagrammar Odin Helgheim, skal Victor Sotberg laga i alle fall tre teikneseriebøker. Bøkene skal heita Edelmot, og dei handlar om gaming.

Gaming og skuleliv

Hovudkarakteren i bøkene er basert på Victor sjølv, og historia har han tenkt på heilt sidan han gjekk på skulen.

– Det handlar om ungdommar som dealer med alt sitt og alt det vanskelege ein møter på ungdomsskulen. Berre at hovudpersonane våre taklar dette gjennom gaming. Dei har ikkje så mange venner til vanleg, men gjennom gamingen kan dei leva ut det andre livet sitt, seier han til VG.

I tillegg til å vera teikneserieskapar, skal han også jobba som programleiar for «Alle mot 1» og legga ut meir innhald på YouTube-kanalen sin.