Ny plastavtale skal stoppa skummel forureining

– Dette er ein historisk augneblink, seier direktøren for FNs miljøforsamling.

FNs miljøforsamling har bestemt seg for å laga ein ny avtale om korleis me skal stoppa plastforureining. Det var Peru og Rwanda, med hjelp frå andre land, som ønskte å laga ei ny lov mot plastforureining, skriv Ung.Forskning.no.

Men kva skal landa som blir med i avtalen gjera? 

  • Dei må lova å bruka mindre engangsplast.
  • Dei må sørga for at den plasten som blir brukt kan resirkulerast og brukast på nytt.
  • Dei må ordna gode måtar å samla inn plast på.

Plast er slitesterkt, og det tar fleire hundre år før det blir brote ned i naturen. Når det til slutt skjer, blir den til mindre bitar. Dei gøymer seg i lufta vi pustar i, i vatnet vi drikk og i maten me et.

– Dette er ein historisk augneblink, seier Inger Andersen, direktør for FNs miljøforsamling, til avisa Reuters.

No startar jobben

Avtalen er hittil eit forslag. No startar jobben med å laga den ferdige avtalen som skal gjelda for alle land verda.

FN håper at avtalen skal vera klar innan tre år.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here