TV og TikTok gjer deg betre i engelsk

Barn og unge som får med seg mykje engelsk gjennom TV, spel og sosiale medium, blir ekstra gode i språk.

Ei undersøking gjort av Medietilsynet i 2020, viste at engelsk er det vanlegaste språket for barn og unge når dei ser på TV, YouTube, eller når dei speler dataspel. På sosiale medium som TikTok får du òg høyra veldig mykje engelsk.

I 2020 var halvparten av alle niåringar på sosiale medium, ifølgje tal frå Medietilsynet. TikTok og Snapchat var mest populært, skriv Ung.Forskning.

– Desse ungdommane har ein veldig naturleg forhold til engelsk. Det er heilt ukomplisert. Dei ser ikkje på seg sjølv som at dei lærer engelsk, dei berre bruker det, seier språkforskaren Pia Sundquist til Forskning.no.

Ikkje berre spel-uttrykk

Ein lærer mange ord som kjem til nytte i kvardagen.

– Mange trur at gamerar berre lærer seg spesielle spel-uttrykk. Men slik er det ikkje. Dei lærer meir eller mindre vanlege ord og har generelt ei større evne når det gjeld ordkunnskap og ordforståelse, sa Pia Sundqvist til Forskning.no.

Fleire blandar òg norsk og engelsk når dei held ein vanleg samtale.

– Me synest rett og slett at engelsk er kult og nice og awesome. Det har sjølvsagt å gjera med den krafta (impacten …) engelsk har i musikk, film og seriar, sa språkforskar Helene Uri til VG i 2021.

Språkforskeren Pia Sundquist forklarte i ein artikkel på forsking.no i 2019 at ein ikkje tenker over at ein lærer engelsk når ein speler, ser på tv eller ein serie. Det kjem på kjøpet.
– Desse ungdommane har ein veldig naturleg måte å forhalda seg til engelsk på, det er heilt ukomplisert. Dei ser ikkje på seg sjølv som at dei lærer engelsk, dei berre bruker det, forklarte ho.
Ikkje berre spill-uttrykk