– Høgtlesing gjer at alle får oppleva gleda ved bøker

Åse Marie Ommundsen, Noregs første professor i barne- og ungdomslitteratur, meiner at fleire vaksne bør lesa høgt for barn.

– Det som er viktig for meg at alle barn i Noreg får gode leseopplevingar, og for at det skal skje, må fleire lese høgt for barna. Høgtlesing gjer at alle får oppleva gleda ved bøker, seier Åse Marie Ommundsen som jobbar som professor ved OsloMet.

Ho meiner det kan vera godt for alle å berre få lytta til ein vaksen som les høgt. 

– Dei første forteljingane var munnlege, og blei gjerne formidla til storfamilien rundt bålet. Det er mange barn som ikkje får med seg handlinga i boka dei les fordi sjølve lesinga krevjer så mykje. 

Illustrasjonsfoto: Jan Haas / NTB

Alle fekk med seg boka

Åse Marie Ommundsen har forska på høgtlesing.

– I forskinga les læraren ei bok medan elevene lytta samstundes som dei fekk sjå bilete på skjerm eller i ei bok. Forskinga viste at barn får ei anna oppleving av forteljinga gjennom høgtlesing enn om ein les sjølv. Me såg at alle i klassen fekk med seg det som blei lese høgt, fortel ho.

Ho fortel at elevar som strevar med lese- og skrivevanskar ofte kom med flest kommentarar om boka etter høgtlesinga. 

– Det å få lytta er noko veldig mange likar. Dei får meir ut av høgtlesinga enn om dei må lesa sjølv. Det er ein god måte å sikra at alle får med seg det som står i boka, seier Åse Marie som meiner fleire lærarar også burde bruka meir lydbøker i tillegg til høgtlesing

– Lydbøker burde også vera mykje meir brukt i skulen. Det å lytte gjer deg betre i språk. For mange kan også lydbøker vera ein inngang til å få lyst til å lesa meir sjølv, seier ho.

Las høgt for sonen

Sjølv las ho mykje høgt for sonen sin om kvelden då han vaks opp.

– Det var ein periode eg ikkje kunne lesa høgt fordi eg hadde operert augene. Då las kjærasten min for både meg og sonen min. Det var så godt å få lytta! 

Til dagleg underviser ho kommande norsklærarar i litteratur.

– Eg les høgt for alle studentane mine, og alle likar det. Det gjer eg fordi eg vil at dei skal bli inspirert til å lesa høgt for sine klassar. Alle menneske likar å bli lese høgt for. Nokon har berre ikkje oppdaga det endå, fortel ho.