Mange barn er bekymra for krig i Noreg

I ei undersøking som er utført av UNICEF, svarar 65 prosent av barn og unge at dei er bekymra for at det skal bli krig i Noreg.

I tilknytning til situasjonen som no går føre seg i Ukraina, har om lag 600 born i Noreg svara på spørsmål frå UNICEF.

Svara slår fast at 65 prosent er redd for at det skal bli krig i Noreg. 10 prosent seier at dei er redd for dette til ei kvar tid, skriv NKP/NTB i ei sak som er gjengjeven av Framtida.

Vaksne må snakka med barn

Av dei som har svart, seier 91 prosent at dei heile tida eller av og til er bekymra for det som no skjer i Ukraina. Direktør for Barns rettar i UNICEF, Kristin Oudmayer, fortel til nyhendebyrået at tala viser kor viktig det er at vaksne snakkar med born og unge.

– Det at vaksne er opne og lyttande og prøver å svare etter beste evne, er viktig for å dempe frykt og uro blant barn og unge, seier ho.

Mange brukar TikTok for nyheiter

Den same undersøkinga sler fast at nyheitsmedia er den viktigaste plassen for unge å tilegna seg informasjon om krigen. TikTok kjem på andreplass.

– TikTok fløymer over av sterke videoar med menneske på flukt, skadde barn og vaksne – i tillegg til mange falske nyheiter, seier Oudmayer.

Barna som har svart i undersøkinga, er mellom 13 og 19 år gamle.