Ny og dyster klimarapport: – Det hastar å gjera det me kan

Måndag presenterte FNs klimapanel ein ny delrapport om klimaendringane på jorda. Den er ikkje lystig lesing.

– Eg har sett mange vitskaplege rapportar i mi tid, men ikkje noko som dette. Dagens rapport er ein atlas av menneskeleg liding. Fråveret av leiarskap er kriminelt. Det sa FNs generalsektretær Antonio Guterres, då den nye rapporten vart lagt fram.

I delrapporten frå FNs klimapanel (IPCC), kjem det mellom anna fram at den globale oppvarminga fører til at me vil oppleva verre tørkeperiodar, hyppigare ekstremnedbør, meir ekstreme hetebølgjer og eit stigande havnivå på jorda.

Må ta grep no

Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker, framfor Stortinget. Foto: Changemaker

– Det hastar å gjera det me kan for å avgrensa dei katastrofale følgjene klimakrisa kjem til å få om ikkje politikarane tek grep no, seier Naja Amanda Lynge Møretrø i ei pressemelding.

Ho er leiar i organisasjonen Changemaker, og meiner at funna i rapporten er dramatiske.

Greier me ikkje å halda målet frå 2015 om å halda den globale oppvarminga til 1,5 grader, vil det føra til enorme konsekvensar for milliardar av menneske, skriv Framtida.

Klimakrisa er urettferdig

Spesielt er det dei menneska som bur på den sørlege halvkula som vil merka klimaendringane. Leiaren i Changemaker peikar på at klimakrisa er urettferdig, og at dei fattige landa kjem til å trenga støtte i form av pengar for å handtera klimaendringane.

– Det er i stor grad rike land som har tent pengar og stått for det meste av utsleppa som har skapt klimakrisa, samstundes som ho rammar fattige land hardast, seier Naja Amanda Lynge Møretrø.