Forskarar har oppdaga megadinosaur i Spania

Forskarar har identifisert ein ny dinosaurart i Nord-Spania. Den skal vera neste 20 meter lang!

0
Illustrasjonsfoto: INSTITUT CATALÀ DE PALEONTOLOGIA

Den gigantiske Titanosauren, som har fått namnet Abditosaurus kuehnei, vart funnen i Pyreneane. Det er eit fjellområde som ligg på grensa mellom Spania og Frankrike, skriv BBC.

Då dinosauen levde sine glade dagar på jorda for omlag 70 millionar år sidan, var ho heile 14 tonn tung og nesten 20 meter lang! Det betyr lengden til to bussar – og det er langt, det!

Les også: Forskarar har funne eit heilt unikt dinosauregg

Overraska over at ho var så stor

Forskarane har uttalt at dei vart overraska over kor stor dinosauren faktisk viste seg å vera. Bakgrunnen er tida så dinosauren levde, nemleg i kritperioden.

I denne perioden var Europa delt opp i fleire småe øyar, og ein har sett at det gjorde noko med korleis dinosaurane utvikla seg. Generelt sett var dei relativt små av vekst, sidan det var avgrensa mengder mat tilgjengeleg for dei.

–  Titanosaurar frå Europa har ein tendens til å vera små eller mellomstore. Derfor vart me overraska over kor stort dette eksemplaret var, seier paleontolog Bernat Vila, som leidde forskinga.

Illustrasjon: Bernardo González Riga / INSTITUT CATALÀ DE PALEONTOLOGIA

Mest komplette eksemplaret av ein plantetar i Europa

Forskarar seier at dette er det mest komplette eksemplaret av ein planteetande dinosaur som er funnen så langt i Europa.

Totalt har forskarane samla saman 53 deler av skjelettet hennar, som er blitt oppdaga i ein periode på dei 70 siste åra. Desse delane er mellom anna fleire tenner, ryggvirvlar, ribber og andre typar bein.

Les også: Dinosauren «Big John» blei selt for 65 millionar kroner