Nye programleiarar i «Alle mot 1»

Selda Ekiz, Victor Sotberg og Thomas Engeset skal leia «Alle mot 1».

Snart kjem femte sesong av «Alle mot 1», skriv NRK i ei pressemelding.

I dette TV-programmet får me møta ein deltakar i studio som skal konkurrera mot heile Noreg. TV-sjåarane og deltakaren får sjå mange ulike eksperiment som dei skal gjetta utfallet av.

Selda Ekiz og Victor Sotberg kjenner mange sjåarar frå tidlegare sesongar, medan Thomas Engeset er ny i «Alle mot 1».

Les også: Newton-Ane vil vera den kule storesystra du vil henga med

Nye oppgåver for Selda

Selda Ekiz har vore med sidan «Alle mot 1» starta. Tidlegare har ho hatt ansvar for å finna på og å overvaka eksperimenta. No får ho nye oppgåver som programleiar i studio og skal halda styr på deltakar, familie, kjendisar og premiepotten.

– Eg gler meg veldig, samtidig som eg er kjempespent. Eg har store sko å fylla og håper eg klarer å levera. Men det blir moro å prøva noko nytt i «Alle mot 1», seier ho.

Youtuber og programleiar i NRK FlippKlipp, Victor Sotberg, og multitalentet Thomas Engeseth har no hovudansvaret for dei morosame, sprø og spennande eksperimenta.