Newton-Ane vil vera den kule storesystra du vil henga med

- Å få lov å jobbe med dette er rett og slett kjempestas, ler Ane Norum Kvistad (23) gjennom telefonen. Ho er på flyplassen på veg til premiere på hennar alle fyrste episode av Newton.

– Dette er så stort for meg – og eg er kjempestolt av å få vera med på å laga Newton. Det er så stort, men samstundes så stabilt og jordnært program – så det blir mykje gøy framover, seier ho.

Framtida Junior snakkar med Ane på telefon fordi ho er på veg til Oslo, og det er lett å sjå føre seg at ho kanskje svevar eit par centimeter over golvet på Gardermoen i rein lukkerus.

– Det heile starta då dei som er sjefane for Newton tok kontakt med teatergruppa eg er med i i Trondheim. Eg tenkte; ja, kvifor ikkje prøve å søkja? Og fekk jo heilt sjokk då dei kalla meg inn til intervju – og då eg på toppen av det heile fekk jobben, ler ho.

Ei ekta teaterjente

Ane trivast på teaterscena og det er tydeleg at ho elskar å formidla og underhalda.

– Eg har ikkje realfag som bakgrunn, sjølv om eg alltid har elska matte og naturfag – så det blir veldig spennande å jobbe med Newton. Eg har erfaring frå sjukepleiarutdanninga, og elles har eg vore mest teaterjente. Det trur eg er ein fordel i denne jobben – for eg skal jo få lov å formidla vitskap til barn og unge, seier ho.

Foto: Vigdis Wågø-Wares/NRK

Ane likar ungar, og håpar å lære saman med alle som ser på.

– I fjor sommar jobba eg som barneformidlar på eit museum, og eg elska å vera saman med ungar! No gler eg meg til å møta endå fleire barn, fortel ho.

Kul storesyster

I Newton er dei mange menneske som jobbar for å finna gode idear og innhald til sendingane som blir vist på NRK-appen og nett-TV. I tillegg lagar dei innhald til TikTok.

– Då eg fekk jobben starta det heile med to dagar på ein workshop der me saman prøvde å finna ut kven Ane er. Korleis blir Newton med Ane? Kva er eg interessert i? Så, dei intervjua meg og me fann ut at eg er som ei kul storesyster som ungar har lyst å henge med etter skulen. Eg har mykje omsorg i meg, og synest det er viktig å vera snill, tulle og ha det artig, seier ho.

Til deg som les har ho ei klar melding:

– Eg veit at me kjem til å få det kjempeartig ilag, og eg gler meg til å bli kjent med deg! Vitskap er kult! Og er det noko som ikkje er kult, skal me gjera det kult, ler ho.