Ei veke etter at den norske duoen Karpe gav ut det siste albumet sitt «Omar sheriff (del 1)», har albummet sett nye rekordar, skriv VG.
Plata inneheld seks låtar, og alle er på toppen av VG-lista, Noregs offisielle salsliste for musikk. Samla toppar dei òg albumlista, der Karpe sine tre førre plater òg er på topp 20.
Vunne ei rekkje prisar
Karpe er ein rapgruppe frå Oslo, som består av Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel.
Duoen har gitt ut fem album og vunne ei rekke prisar, mellom anna sju Spellemannpriser.