Apple lanserer nye emojiar

Om eit par månader lanserer Apple iOS 15.4. Inkludert i oppdateringa er 37 nye emojiar.

Av desse 37 emojiane finner me mellom anna ein peikefinger, ei discokule, ein emoji som gøymer seg bak hendene sine, hender som formar eit hjarta, ein tårevåt emoji, eit smelta ansikt og ein gravid mann.

Det amerikanske teknologitelskapet har sjølv avslørt dei nye emojiane på bloggen sin. Sist gong Apple lanserte nye emojiar, var i 2017.

Les også: Dette er den mest brukte emojien i 2021

Dette er nokre av dei nye emojiane som kjem med oppdateringa. Skjermdump: Emojipedia / Apple

Gravid mann, eller veldig mett mann?

Den gravide mannen har fått særleg stor merksemd, etter det vart kjent at det blir fleire emojiar å velja mellom.

TV 2 skriv at ein gravid mann-emoji allereie i september 2021 vart anbefalt som ein del av Unicode. Dette er ei felles teneste for alle emojiar på alle platformar, og dei forklarte at den nemnde emojien ikkje berre kan brukast i forbindelse med graviditet. Den kan også brukast til å forklara at ein er stappmett.

Dei leggjer også til at det ikkje finst nokon rett eller feil måte å bruka ein emoji på.

Det er forventa at den nye oppdateringa med dei nye emojiane kjem i løpet av våren, altså i mars eller i april i 2022.