Helte-rotta Magawa er død

– Det er med tungt hjarte me deler den triste nyheita om at Magawa døydde fredeleg denne helga. Magawa var ved god helse og brukte mesteparten av førre veke på å leika, men mot helga byrja han å sakka ned.

Det skriv den belgiske organisasjonen APOPO på nettstaden sin.

Den gambiske hamsterrotta Magawa har vore litt av ein helt i løpet av livet sitt.

Han er nemleg den mest vellukka gnagaren som nokon gong har jobba med å lukta etter eksplosive og farlege gjenstander.

Barn leikar i Kambodsja, 10. mars 2005. Kambodsja er ein av dei fattigaste nasjonane i verda, og landet er fylt med landminer. Foto: AP Photo/David Longstreath

Har gjort innbyggjarane tryggare

I løpet av karriera si fann han meir enn 100 landminer og andre eksplosivar. Til saman har han rydda meir enn 141.000 kvadratmeter land – noko som tilsvarer om lag 20 fotballbanar.

– Bidraget hans gjer at lokalsamfunn i Kambodsja kan bu, jobba og leika utan å frykta for å mista livet eller lemmer, skriv APOPO.

For kvar oppdaging og for kvar meter den vesle rotta rydda og klargjorde, minka nemleg risikoen for at innbyggjarane i Kambodsja kunne bli skadd, eller i verste fall dø.

Fekk heltemedalje

Som ein takk for arbeidet sitt, fekk Magawa overrekt ein heltemedalje i 2020. Den heiter PDSA, og er den høgste utverkinga for tapperheit som eit dyr kan motta.

Tidlegare i haust vart det bestemt at Magawa skulle pensjonerast frå arbeidet sitt, og etter det har han levd eit avslappa liv.

Magawa hadde nyleg feira bursdag, og vart heile åtte år gamal.