Vulkanutbrotet i La Palma har endeleg stoppa

Tre månader etter at vulkanen på La Palma vakna til live, seier ekspertane at utbrotet endeleg er over.

Cumbre Vieja-vulkanen på La Palma på dei spanske Kanariøyene har spydd ut lava og oske sidan den 19. september. Men no ser det ut til å vera ferdig, skriv BBC Newsround. 

Då det har vore meir enn ti dagar med roleg aktivitet frå vulkanen, har styresmaktene på øya gått ut og sagt at det ikkje ser ut som om vulkanen vil blussa opp att.

Les også: Massivt vulkanutbrot på kanariøya La Palma

Fleire tusen evakuerte

Då vulkanen Cumbre Vieja vakna til live i september, var det for første gong på 50 år. Dei eksplosive utbrota har ført til at fleire tusen menneske har blitt evakuert frå heimane sine.

I tillegg har også meir enn 3000 eigedommar og hundrevis av dekar med jordbruksland blitt øydelagd av oske og lava.

Les også: Vulkanutbrotet på La Palma kan vera det lengste på 500 år