Faksimile frå Sunnhordland

Det byrja med eit hjartesukk i avisa Sunnhordland på Stord sist veke.

«Dei tre siste åra, så snart det vert varmt i vêret, trekkjer ein god gjeng tenåringsgutar ut om kveldane og leiker «ring-på-spring» i Studals-området. Dei kosar seg nok, men for huseigarar, og kanskje spesielt for dei med små born som anten vert skremd eller vaknar av den konstante ringinga/bankinga på dører kvar kveld heile sommaren, byrjar dette å bli tungt» skreiv «Leie naboar».

Får Dagens ros

I fredagsutgåva av avisa har dei leie naboane fått eit svar dei kanskje ikkje hadde venta.

Innlegget er underteikna «ein gamal ramp». Han skriv at han for første gong i sitt liv følte for å senda inn «Dagens ros» til avisa:

«Det at me framleis har ungar som vel å leggje vekk nettbrett og pc, og heller snører på seg joggesko for å driva med god gammaldags rampestrek i nabolaget gjer meg trygg på at den oppveksande generasjon framleis har mykje kreativt å by på.»

– Mykje spennande i vente

Den gamle rampen legg til at gutane har mykje spennande i vente:

«Om ikkje lenge er det tid for jordbærslang som også kan gje mange fine friluftsopplevingar med lomma full av bær og sinte hageeigarar på sprang.»

«Etter endt jordbærsesong, kan eg av erfaring seia at det er lurt å halda ein låg profil, før sesongen for eple- og plommeslang slår inn for fullt utover hausten», skriv den gamle rampen, før han avsluttar:

«Stå på gutar, av dykk blir det nok bra folk av!»

Kva tenkjer du? Var det bra at gutane fekk ros i avisa?

Kva tenkjer du? Var det bra at gutane fekk ros i avisa?

JA!401
NEI!43
Veit ikkje23
Svar totalt: 467