Frankrike innfører forbod mot plastemballasje for dei fleste frukter og grønsaker

Meir enn ein tredjedel av frukt og grønsaker som blir selt i Frankrike, er pakka inn i plast. Det vil den franske regjeringa no gjera noko med.

Frankrike har innført ei ny lov som forbyr plastemballasje på dei fleste frukt og grønsaker, skriv BBC Newsroom.

Regjeringa i landet meiner forbodet kan føra til at ein milliard færre plastgjenstander blir brukt kvart einaste år. Tenk det – ein milliard er mykje!

I forbodet står det at mellom anna agurkar, sitronar og appelsiner er frukt og grønsaker som ikkje lenger er lov å pakka inn i plast. Derimot er det framleis lov å bruka større plastbehaldarar. Oppkutta frukt som blir solgt i butikken, fell også utanfor det nye forbodet.

Les også: India forbyr eingongsplast

Plastfritt innan 2040

Den nye lova er ein del av ein større plan som den franske regjeringa har sett i gong. Det er nemleg ikkje berre i matbutikken dei vil ha mindre plast – planen er også at andre bransjar må kutta i plastbruken.

Presidenten i landet, Emmanuel Macron, har omtalt det nye forbodet som «ein ekte revolusjon» – og har sagt at det viser at landet forpliktar seg for å slutta heilt med bruk av eingangsplast innan 2040.

Andre land følgjer etter

Fleire andre europeiske land har gått ut og informert om at dei innfører liknande forbod dei siste månadane. Grunnen er at mange land har forplikta seg til å kutta ned på plasten etter klimakonferansen COP26, som vart arrangert i Glasgow i november.

Her i Noreg vart det innført forbod mot bruk av sugerøyr, vattpinnar og bestikk av plast den 3. juli 2021.

I Spania har regjeringa sagt at dei vil innføra eit forbod om plastinnpakka frukt og grønt frå 2023. I Storbritannia har regjeringa planar om å kutta ut bestikk i plast, tallerkenar og isoporkoppar.

Les også: Fem punkt som er viktig å ta med seg frå klimatoppmøtet