Forskarar har funne eit heilt unikt dinosauregg

Dinosauregget har gitt forskarane god grunn til å jubla. Egget med ein babydinosaur inni, er nemleg nesten heilt perfekt bevart.

0
Dette er ein rekonstruksjon av dinosauregget med embryoet. Illustrasjon: Julius Csotonyi

Forskarar har annonsert at dei har funne eit perfekt bevart dinosaurembryo, som for minst 66 millionar år sidan straks var klar til å klekkast ut av egget sitt – akkurat slik som ein kylling ville gjort i dag. Det skriv The Guardian.

Eit embryo er det me kallar eit foster som er i eit tidleg stadium av svangerskapet, og ikkje er heilt klart til å fødast eller klekkast ut i verda.

– Dette er eit av dei best bevarte dinosaur-embryoa som er funne nokon gong, sa Fion Waisum Ma, som er ein forskar ved Universitetet i Birmingham, og er medforfattar i ein artikken i tidsskriftet iScience til nyhendebyrået AFP.

Sjå video av «Baby Yingliang» her: 

– Eit av dei vakraste fossila eg har sett

Også forskarkollegaane Darla Zelenitsky og Steve Brusatte er svært oppglødde over funnet dei har gjort.

– Eg har jobba med dinosauregg i 25 år – men aldri har eg sett noko liknande, seier Zelenitsky til amerikanske CNN.

– Dette dinosaurembryoet er eit av dei vakraste fossila eg har sett. Denne vesle dinosauren ser akkurat ut som ein fugleunge som er krølla saman i egget sitt. Dette er eit bevis på at mange eigenskapar som er typiske for dagens fuglar, først vart utvikla hjå forfedrene deira – dinosaurane, seier Brusatte til Universitetet i Birmingham.

Foto: Jaime A. Headden / Wikimedia Commons, CC BY 3.0-lisens

«Baby Yingliang»

Forskarane har gitt den vesle dinosauren namnet «Baby Yingliang».

Egget vart oppdaga i ein by som heiter Ganzhou som ligger i Sør-Kina og dinosauren som låg inni var av arten tannlaus theropod-dinosaur, eller oviraptosaurus.

ABC Nyheter skriv at baby-dinosaurar veldig sjeldan er godt bevarte som fossilar, då skjelettet deira som regel er veldig lite og slik sett lett kan gå i stykker.

17 gløymte centimeter

Dinosauregget skal vera om lag 17 centimeter langt, og lengden på dinosauren skal vera om lag 27 centimeter frå haletippen til toppen av hovudet. Hadde egget klekt, og dinosauen overlevd, trur forskarane at den ville blitt ein stad mellom to og tre meter lang.

Egget skal ha blitt oppdaga allereie i år 2000. Deretter vart det lagt på eit lager og gløymt.

No skal forskarane bruka tid på å studera dinosauren nøye, ved hjelp av moderne og avanserte scanningsteknikkar.