Nei til «stygge julegenserar»

Leiaren i Natur og Ungdom meiner «stygge julegenserar» med ledlys ikkje burde eksistera på marknaden.

Nettbutikkane opplever ei dobling i sal av julegensarar i år, skriv NRK. Dei med blinkande ledlys er blant bestseljarane.

Men ikkje alle er like glade for at desse genserane er blitt ein trend. Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Ho meiner genserane ikkje burde eksistera på marknaden.

– Dei er ofte kjøpte for å brukast veldig få gonger. Dei er ofte laga av syntetisk materiale, og nokon gonger med elektronikk. Det gir ein enorm miljøkostnad, seier ho til NRK.

– Eg vil at ein gjer endringar politisk som gjer at det blir mykje vanskelegare å produsera så dumme klede til så billeg pris, seier ho.

Tulle-elektronikk

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet er einig.

– Genserar og klede som inneheld slik forureining og miljøgifter burde det ikkje vera lov å selja. Dette er leiketøy, ikkje klede. Innsydd tulle-elektronikk i klede skaper enormt med avfall og blir gjerne berre brukt eit par gonger før dei blir kasta, seier han.

Han viser til at klede med plasttrykk, glittertrykk og paljettar gjerne losnar i bruk og vask, og dermed bidrar til forureining.

Bra diskusjon

NRK har spurt Rusta som sel julegensarar om kva dei tenker om miljøbekymringane. Jesper Bondesson, Quality & Sustainability Manager, skriv til NRK at det er bra at slike problemstillingar blir tatte opp.

– Me er ein av aktørane i marknaden som leverer julegenserar og me ser heile tida på korleis me kan forbetra sortimentet vårt. Til jul har me til dømes endra designen slik at det no er mogleg å ta av batteriboksen slik at genseren kan vaskast, skriv han.