Lagar eit nytt juletre til London i Minecraft

Gjengen bak Minecraft-samfunnet Skogliv inviterer deg til julefeiring i Minecraft.

I år er det 75 år sidan Noreg gav det første juletreet til Trafalgar Square i London. Under andre verdskrig var Storbritannia nemleg Noregs næraste allierte. Det betyr at dei hjalp oss – og det var dit kongen og regjeringa flykta då Noreg vart okkupert av Tyskland.

Både BBC og NRK hadde radiosendingar på norsk, noko som både var ei viktig informasjonskjelde og ein oppmuntring for dei som var igjen i Noreg og tjuvlytta. Radioapparat var nemleg forbode.

Så, etter krigen, byrja Noreg å senda eit tre til London kvar jul som takk for hjelpa.

Artikkelen held fram under bilete.

GJENGEN: Erlend Pilø, Tobias Laundal og Tarjei Mo Batalden står bak Minecraft-samfunnet Skogliv. Foto: Skogliv

Årets juletre har fått mykje kritikk. No håpar Erlend Pilø, Tobias Laundal og Tarjei Mo Batalden, som står bak Minecraft-samfunnet Skogliv, at befolkninga i London vil bli glade for det digitale treet i Minecraft.

– Me håper befolkninga i London kan sjå på dette som ein hyggeleg gest frå Noreg.

– I tillegg ønskjer me å la fleire i Noreg få oppleva og utforska treet på Trafalgar Square, seier Tarjei Mo Batalden.

Feiringa blir òg viktig på grunn av koronasituasjonen.

– I Minecraft kan me møtast og feira saman med dei me vanlegvis reiser på besøk til i jula, seier han.

Gå rundt juletre

I dataspelet kan du gå rundt juletreet, høyra julemusikk, utforska plassen og feira jul i fellesskap – heilt fritt for omikron og meterregel.

– Feiringa blir open på julaftan mellom klokka 7.00 og 14.00, og du kan vera med frå både mobil, nettbrett og PC, fortel Tarjei.

Populær 17. mai feiering

Skogliv laga 17. mai-feiring i Minecraft vart det Noregs største feiring. 37 000 menneske deltok, inkludert kronprinsfamilien og Stortingspresidenten.

– No gjentek me ei slik feiring, og opnar for alle både i Noreg og England – og resten av verda, seier Tarjei.

Bygginga blir leidd av Aleksander Lippett Fuglestad, ein norsk 17-åring frå Skien. Han har med seg sitt internasjonale byggeteam, med medlemmer frå mellom anna Danmark, Skottland, England og USA.