Handballjentene tok VM-gull

Etter å ha blitt overkøyrt i førsteomgang, gjorde dei norske handballjentene tidenes andreomgang i VM-finalen. Det holdt til gull!

Når kampen mellom Noreg og Frankrike var halvspelt, låg dei norske handballjentene under 12–16. Berre to minuttar ut i andreomgang, var stillinga 16–16.

Etter å ha levert tidenes andreomgang og snuopperasjon, kunne dei norske jentene jubla for VM-gullet og eit sluttresultat som viste heile 29–22.

– Dette var heilt sjukt å vera med på. Eg trur ikkje eg har vore med på ein liknande finale, sa Nora Mørk til TV 2 etter sigeren.

Femte VM-gull

Veronica Kristiansen var enig med lagvenninna si.

– Det er herleg, sinnssjukt herleg. Herregud, for eit lag me har, sa ho.

Dette er Noregs første VM-gull sidan 2015, og dei norske handballjentene står no med totalt fire VM-gull. Dei er frå 1999, 2011, 2015 og sist men ikkje minst – 2021.

Feirar med allsang

Camilla Herrem som har vingposisjon på landslaget, har ein heilt spesiell tradisjon for korleis ho feirar medaljane til det norske laget. Ho syng nemleg «Tore Tang» – og i år var intet unntak.

Her kan du sjå feiringa hennar: