Utfordrar dei klassiske eventyra i ny bok: – Jenter kan også vera helten

Plan Noreg vil skapa eit skifte i korleis jenter og gutar tenkjer om kvarandre. Det vil dei gjera ved å setja fokus på kor kraftfulle ord faktisk kan vera.

Det var ein gong då jenter var vakre og smilande – medan gutar var tøffe og sterke. I den nye eventyrboka «Ut på eventyr», er det ikkje slik. Der er det prinsesser som reddar prinsesser, reveenka blir forelska i ein jenterev og det er prinsen Ask – og ikkje prinsessa Askepott, som mistar skoen sin.

– Mykje av det me jobbar med i Plan er knytt til likestilling, og då handlar det mykje om dei historiene som me fortel kvarandre. Me har jobba mykje med med kva ord betyr for kva val me som gutar og jenter tek i livet, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan Noreg.

I den samanheng kom tanken om ei ny og moderne eventyrbok på bordet. Dei ville halda på den gode historia, på etikken og moralen i eventyra – men likevel snu på det.

For eventyrlystne barn: Kari Helene Partapuoli håpar boka fell i smak av målgruppa, som er eventyrlystne barn og foreldra deira. – Me håpar at boka vil gi fantasien til born moglegheit til å løpa løpsk, seier ho. Foto: Plan Noreg
VIKTIG: Mykje av jobben med dei nye eventyra, har vore å ta vare på det fine frå dei gamle versjonane. – Eventyr er viktig. Sidan verda er i stadig endring, har me sett på nokre av dei mest kjende eventyra gjennom tidene, og snudd på dei. Det gjer at me framleis kan halda fram å læra noko av dei, seier Kari Helene Partapuoli. Foto: Plan Noreg

Eventyr med ein ny vri

– Me tenkte at det var lurt å ta utgangspunkt i historier som veldig mange barn kjenner og har vakse opp med. Rett og slett historier som har vore med å forma oss, seier Kari Helene.

Derfor har dei valt ut ei rekkje kjende eventyr – som no har fått ein ny vri. I tillegg er også dei originale eventyra også å finna i boka, slik at det er enkelt å samanlikna. Forfattar og redaktør i boka, Helene Uri, står bak eventyret Ask, som er basert på eventyret om Askepott.

– Eg ville skriva eit av dei ordentlege prinsesse-eventyra, då eg ville sjå på dei små tinga som me ikkje tenker over. Eit eksempel er at prinsen løftar prinsessa opp på hesten. Me tenkjer ikkje over det før det plutseleg er prinsessa som løfter prinsen, seier Helene.

Ho meiner at lesarane vil sjå kor passive prinsessene er i dei originale eventyra, når dei les dei gamle saman med dei nye.

AHA-OPPLEVINGAR: Redaktør og forfattar Helene Uri meiner boka kjem til å gi lesarane nokre aha-opplevingar: – Eg håpar nokon kjem til å tenkja at «er det slik jenter der ute blir omtalt i eventyr». Eg håpar også at den vil gi gode latterar og gode diskusjonar, seier ho. Foto: Julie Pike

Jenter og gutar skal ha like moglegheiter

– Eg trur at mange av lesarane vil mora seg over skilnadane som blir veldig tydelege. Likevel er det viktig å seia at me ikkje er ute etter å erstatta dei gamle eventyra. Det me har laga er eit tilleggsprodukt – som skal vera noko som kan få i gang ein diskusjon og minna kvarandre på korleis me snakkar om kvarandre.

Kari Helene i Plan er einig med redaktøren, og fortel at målet med dei nye eventyra er å visa fram at jenter og gutar skal ha like moglegheiter og like rettar.

– Eit av stega for å komma dit, er at også jenta kan vera helten. Ho kan redda nokon, og han kan bli redda.