Norske journalistar vart arrestert i Qatar

Dei norske journalistane Halvor Ekeland (32) og Lokman Ghorbani (45) vart arrestert i Qatar, etter å ha vore i landet for å rapportera om førebuingane til fotball-VM neste år.

Journalistane frå NRK måtte tilbringa 32 timar i politiets varetekt og vart fråtatt utstyret sitt, men er no kome heim att til Noreg.

Då dei landa på Gardermoen, uttalte Ghorbani seg til VG.

– Det har vore fælt. Men eg har det fint. Det er godt å vera trygg, sa han.

Kollega Ekeland sa følgjande om det dei hadde opplevd:

– Me har blitt avhøyrt, men er først og fremst glad for å vera tilbake til Europa. Me har hatt det slitsamt. Me skal ha ein del møter med NRK og finna ut av ein del ting, seier han til VG.

Eit alvorleg brot på ytringsfridomen

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Foto: Flickr / Arbeiderpartiet / CC BY-ND 2.0-lisens

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) omtalar hendinga som eit alvorleg brot på ytringsfridomen.

– Når journalistar blir arrestert i det dei gjer jobben sin, og får fråtatt utstyret sitt, så er det ein trugsel mot den journalistiske fridomen me er so opptekne av. Journalistar må få gjera samfunnsoppdraget ditt og avdekkja kritikkverdige tilhøve, samt å røra seg fritt. Som verdssamfunn kan me ikkje sitja stille og sjå på slikt, seier ho.