Superfinalistane i Bokslukerprisen er klar

Over 125.000 elevar på mellomtrinnet har lese og stemt fram sine fem superfinalistar i Bokslukerprisen.

– Blant superfinalistane finn me mellom anna skjønnlitterære spenningsbøker og sakprosa med alvor. Det er ei god breidde og det blir interessant å sjå korleis bøkene blir mottatt av juryklassene, sier prosjektansvarlig for Bokslukerprisen i Foreningen !les, Sigrun Feiring.

Lesarar i aldersgruppa 10–12 år har i haust diskutert seg fram til fem superfinalistar i Bokslukerprisen 2021/22.

Desse fem er:

  • Hetebølge av Dag Otto Lauritzen og Frode Eie Larsen
  • Bare Victor av Victor Sotberg
  • Hør’a dagbok! av Amina Sewali
  • Charlie Drømmevandrer. Fangene i Adnafjell av Svein Tindberg
  • Hva skjedde egentlig med deg? av Jenny Jordahl

Jaktar på ei vinnarbok

– Med prisen vil me at lesarane skal bli engasjerte, snakka med kvarandre om bøkene og få eit innblikk i nyare norsk litteratur, seier Sigrun Feiring i pressemeldinga.

No skal femten klassar frå ulike regionar i gong med å lesa desse fem bøkene, og bestemma seg for kva av dei som skal få deira stemme.

21. april 2022 blir Bokslukerprisen delt ut i Oslo.

Les også: Desse bøkene er nominert til Bokslukerprisen 2021/22