Alexia Putellas og Lionel Messi fekk «Gullballen»

Lionel Messi sikra sin sjuande gullball under prisutdelinga. Alexia Putellas fekk sin fyrste.

Prisutdelinga, som på fransk vert kalla Ballon d’or, er ein fotballpris som blir delt ut av det franske fotballbladet France Football. Utdelinga blir kalla «Gullballen» på norsk.

Ingen har fått denne prisen oftare enn Lionel Messi, skriv NRK. 

– Det er utruleg å vera her i kveld. Eg visste ikkje kor lenge eg kunne halda meg på dette nivået. Eg er verkeleg, verkeleg glad og eg skal fortsetja å kjempa med den nye klubben min, sa Messi frå talarstolen i Paris.

Messi gjekk frå Barcelona til Paris Saint-Germain i sommar, etter 21 år i den spanske klubben.

TRENINGSKAMP: Barcelonas Alexia Putellas og Barcelonas Aitana Bonmatí under ein treningskamp mellom Rosenborg kvinner og Barcelona på Lerkendal stadion. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Tredje kvinna som får prisen

Alexia Putellas fekk prisen for kvinnene.

Den spanske midtbanestjerna er den tredje kvinna som får prisen.

Tidlegare vinnarar er norske Ada Hegerberg og amerikanske Megan Rapinoe.