Sommarfuglane forsvinn i Storbritannia

Talet på sommarfuglar som er registrerte i målingar i Storbritannia er rekordlågt.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om Maud Angelica Behn som er aktuell med «Tråder av tårer», ei bok om sorg.

I 12 år har britane talt sommarfuglar og møll i The Big Butterfly Count, som er verdas største sommarfuglkartlegging. Årets resultat er det lågaste sidan målinga starta.

Det skriv The Guardian. 

– Fakta er klare. Naturen er i krise og vi treng akutte tiltak, ikkje berre for å hindre ytterlegare tap av artar, men for å gjenoppbygge biologisk mandfald, seier Julie Williams, administrerande direktør i Butterfly Conservation.

Dagpåfugløye-sommarfuglen har gått tilbake 63 prosent i teljinga samanlikna med i fjor. Det er den lågaste registreringa i Storbritannia sidan 2012. Foto: Krzysztof Niewolny / Unsplash.com

Fleire tiår med nedgang

Sommarfuglar utgjer ein viktig del av økosystemet, både som pollinatorar og som del av næringskjeda. Sommarfuglar er i tillegg rekna som ein viktig indikator på korleis det står til med miljøet, då dei reagerer svært raskt på endringar i miljøet. Nedgang i sommarfuglar er difor eit teikn på at naturen er i trøbbel.

Sidan 1976 har 76 prosent av sommarfuglane opplevd nedgang, anten i kor mange dei er eller kvar dei er å finne, ifølgje The Guardian.

Årets sommarfuglteljing blei gjort mellom 16. juli og 8. august av frivillige som registrer tal på og type sommarfugl eller møll dei ser i løpet av 15 minutt. Dei talde i år i gjennomsnitt ni sommarfulgar eller møll kvar, mot 11 i fjor og 16 i 2019.

Til saman blei det i år registrert 1 238 405 sommarfuglar og møll, noko som er ein nedgang på 14 prosent frå i fjor.

Sommarfuglen skogringvinge hadde ein nedgang på 41 prosent samanlikna med i fjor, tiriltungeblåvinge gjekk ned 59 prosent og kvit 32 prosent. Foto: Yuichi Kageyama / Erik Karits / Louise Smith, via Unsplash.com

Regnfull vår

Ifølgje Zoë Randle i Butterfly Conservation, var ein ekstremt våt mai månad, den fjerde våtaste månaden som er registrert i Storbritannia, avgjerande for talet på sommarfuglar.

– Sommarfuglar likar ikkje regn i det heile tatt, dei er kaldblodige insekt. Dei treng varme frå sola, seier ho.

Med auken i ekstremvêr som er venta som følgje av klimaendringar, fryktar ho at den langsiktige innverknaden det har på sommarfuglar og møll kan vere øydeleggjande.

Øydeleggjing av natur og leveområde, og omfattande bruk av plantevernmiddel er dei viktigaste årsakene til at insekt og artar som pollinerer blomar forsvinn. Det viser ein ny global indeks for artsnedgang og korleis det påverkar menneska, skriv NTB.

– Desse små skapningane spelar ei sentral rolle i verdas økosystem. Viss dei forsvinn, kan vi verkeleg få store problem, seier professor ved Cambridge Department of Zoology Lynn Dicks, ifølgje nyhetsbyrået.