Nynorskrekord i Nasjonal avisveke

Framtida Junior har sendt ut over 15.500 aviser i samband med Nasjonal avisveke. Det er ny rekord.

– Det er veldig kjekt at så mange barn og unge får lesa avisa vår, og veldig stas at me opplever rekordetterspurnad, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør for Framtida Junior i ei pressemelding.

I veke 44 kvart år får skular over heile landet tilbod om gratis aviser og tilgang på gratis materiell for elevar på 4. ,6. og 9. trinn. Dei siste åra har 6. trinn fått tilbod om tilgang til Framtida Junior.

Les også: Ane (13) vil kjempa for barna på klimatoppmøtet

Miljø i fokus

I år hadde Framtida Junior ei miljøutgåve, der elevane mellom anna fekk lesa om klimatoppmøtet i Glasgow og bli med på tokt til Arktis.

Framtida Junior har òg utvikla eit miljøjournalistkurs for elevar frå 6. trinn, der elevar får opplæring i journalistikk og tips til miljøsaker.

– Me har enno nokre plassar igjen, så viss det er nokon skular som vil ha besøk av oss, så er det berre til å ta kontakt, seier Svein Olav B. Langåker.