Bier held òg avstand for å unngå å bli smitta

Avstand er nyttig viss ein vil unngå å bli sjuk eller smitta av ein bakterie eller eit virus. No har eit team med forskarar frå ulike land undersøkt korleis honningbier taklar smitte.

Korleis oppfører bier seg når flokken er truga av Varroa-midden?

Verroa-midden er ein parasitt. Det betyr at han festar seg på kroppen til bia og lever av å eta feitt frå kroppen til bia. Det er veldig alvorleg for biene om denne midden spreier seg.

Ifølgje studien held bier også avstand til kvarandre, viss nokon av dei fekk midd på kroppen, skriv Ung.Forskning.no.

Fordelar og ulemper

Honningbier bruker mykje tid på å stella kvarandre. Slik fjernar dei parasittar og støv frå dei andre i kuben. Men når dei blir utsette for ein infeksjon blir det heile litt meir komplisert.

Det er lett å smitta andre. Dermed må dei vega fordeler og ulemper opp mot kvarandre. I studien såg risikoen av å stella kvarandre ut til å vega tyngre enn fordelane. Med andre ord heldt dei heller avstand.

Unge og eldre bier

Honningbiene er delt i to avdelingar. Den inste avdelinga består av larver, altså ungane, yngre bier som passar på ungane, og dronninga. Ytst er dei som er ute på matjakt. Det er dei eldre biene.

Ein slik oppdeling gjer at dei eldre og dei yngre har mindre kontakt. Det er ein fordel for å hindra smitta til dei biene som er mest verdifulle – altså dei biene som er i den inste avdelinga.

I dei tilfella der flokken vart infisert med midd, flytta dei eldre biene seg lenger ut i kuben enn vanleg. Dei yngre flytta seg samtidig lenger inn mot midten. Slik auka dei avstanden til kvarandre.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)