Ane (13) vil kjempa for barna på klimatoppmøtet

Ane Angeltveit (13) og resten av Barnas Klimapanel førebur seg mot å reisa på Klimatoppmøtet i Glasgow. Der skal dei fremja sakene som er viktige for barn.

Tips frå Ane til korleis du kan påverka:
  • Sjølv om barn ikkje kan stemma, har alle ei stemme. Bruk den!
  • Delta på streikar, som mellom anna skulestreikar.
  • Send e-postar. Det er større sjanse for at den blir lest om du sender til ein politikar i nærmiljøet ditt. Start i det små.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er veldig bra – og så viktig, at me har eit ord med i saka. Det er tross alt barna som skal leva på planeten i framtida, seier Ane Angeltveit (13).

I november pakkar ho og dei andre i Barnas Klimapanel sekken, og set snuten mot Glasgow i Skottland. Eit år etter at konferansen eigentleg skulle blitt arrangert, skal dei vera deltakarar på Klimatoppmøtet. Det gler dei seg stort til.

– Det blir spennande. Me er veldig heldige som får reisa, seier Ane.

Les også: Dette skal skje på klimatoppmøtet

Engasjerte: Barnas Klimapanel er sett saman av åtte engasjerte barn og ungdommar. Dei skal vera i Glasgow i fem dagar i november. Foto: Wanda Nordstrøm/Miljøagentene

Elskar havet

– For min del er det viktig at me gjer noko med den generelle forsøplinga i naturen og plasten i havet. Eg bryr meg veldig mykje om dette. Eg elskar havet, seier Ane.

Ane har vore aktiv medlem i Miljøagentene i fire år, og i januar vart ho plukka ut til å få ein av dei åtte plassane i Barnas Klimapanel.

– Hadde det ikkje vore pandemi, hadde møtet vore i fjor. Då hadde ikkje eg fått vera med. Me er ein god gjeng, der alle er blitt gode venner sjølv om me ikkje har fått møtast så ofte.

Dei åtte deltakarane i Barnas Klimapanel har kvar sine saker som dei brenn ekstra for, som mellom anna issmelting på polane og regnskogen.

Ane si fanesak er havet.

– For min del er det viktig at me gjer noko med den generelle forsøplinga i naturen og plasten i havet. Eg bryr meg veldig mykje om dette. Eg elskar havet, seier ho.