Noreg fekk verstingpris under klimatoppmøtet

Climate Action Network (CAN) har satt Noreg på toppen av lista av landa som «gjer mest for å bidra minst». Andre og tredjeplassen gjekk til Japan og Australia.

Prisen som «dagens fossil», som for første gong vart delt ut under klimatoppmøtet i 1999, gjekk til Noreg fordi CAN meiner at me ikkje vil avvikla olje- og gassproduksjonen.

Derimot meiner dei at Noreg heller vil utvikla den vidare, skriv NTB.

Bak oss på lista, kom Japan på andreplass og Australia på tredjeplass.

Generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdens naturfond Foto: HAAKON NORDVIK

På sin plass med «dagens fossil»

Generalsekretæren i WWF, Karoline Andaur, seier at det er på sin plass at Noreg får prisen som «dagens fossil».

Grunnen til det er at ho meiner at Noreg har ein dobbeltrolle som både klimaforkjempar og som olje- og gassprodusent. Dette meiner ho er naturleg at får merksemd på klimatoppmøtet i Glasgow.

– På kort tid har statsminister Jonas Gahr Støre snakka til FN om at gass er ei energikjelde for framtida, samtidig som han har lagt fram konkrete forslag for å kjempa mot klimaendringar, seier ho til NTB.

Er det rett at Noreg får denne prisen?

Er det rett at Noreg får denne prisen?

Ja102
Nei4
Eg veit ikkje5
Svar totalt: 111