Deepfake – når me ikkje veit om det me ser er ekte

Deepfake-videoar kan vera bilde, lyd eller film som er laga ved hjelp av kunstig intelligens. Av og til er det så godt laga at det kan vera umogleg å sjå eller høyra at det er falskt.

Maskinar kan læra seg forma på kva som helst ansikt. Det skjer ved at maskina blir lært opp av tusenvis av bilete av ansiktet til ein person, heilt til den kan alle detaljane av ansiktet utanåt. Deretter kan han lima ansiktet over eit anna ansikt i ein video.

Dette kan gjerast ved hjelp av ei vanleg datamaskin og programvare som er tilgjengeleg for alle på internett. Dermed kan alle laga ein deepfake etter ein liten kom-i-gang-leksjon på YouTube.

Gode og dårlege måtar å bruka teknologien på

Det finst mange gode måtar å bruka deepfake-teknologien på – alt frå nyskapande kunst og humor til billegare filmeffektar. Ofte er det gøy! Men, når deepfake-videoar skapar bekymring, er det på grunn av dei mange skumle måtane teknologien kan brukast på. Som til dømes utpressing, mobbing og falske nyhende. Nokon kan for eksempel laga ein «avslørande» video av ein politikar og dela den like før eit val. 

Mange let seg lura

Dårlege deepfake-videoar er lette å avsløra, fordi sanseapparatet vårt har eit forsvar mot slikt. Kunstig framstilte ansikt og stemmer gir oss kjensla av at noko er gale. Det er noko dødt over auga eller stemma liknar for mykje på ein robot. Men jo betre deepfake videoen har, jo meir forsvinn dei synlege kjenneteikna på forfalskning. 

Kva skjer når vi ikkje lenger kan stola på det auga og øyre fortel oss? Dei fleste av oss har allereie ein viss skepsis til ting vi ser i media. Likevel let mange seg lura av falske nyheiter.

(Kjelde: Medietilsynet, undervisningsopplegg for kritisk medieforståelse)