Slett bilder for å ta vare på miljøet

Ein fersk rapport som nyleg kom ut i Storbritannia, viser at det å rydda på mobilen kan ha store positive følgjer for klimaet.

Det er det britiske Instituttet for ingeniør- og teknologivitskap (IET) som står bak rapporten.

I den kjem det fram at server-lagringa av millionar av bilder og videoar, kan vera dårleg nytt for miljøet. Lagringa skapar faktisk eit karbonfotavtrykk som tilsvarar ei rekkje langdistanseflygningar.

Det skriv TV 2 i ei sak.

Illustrasjonsfoto: Unsplash

112.500 tur/retur-flygningar

Mange av bilda som ligger lagra og tek opp plass, er av typen som brukaren ikkje set ordentleg pris på. Kvar brite tek nemleg opp mot 900 bilder i året, og fleire like bilder av det same motivet når dei først knipsar i veg.

I tillegg til videoar og bilder, utgjer også unødvendig strøyming av filmar og seriar, nedlastning og lagring av gamle e-postar og meldingar ein stor del av fotavtrykket.

Når forskarane har tatt utgangspunkt i dei unødvendig lagra dataa til britane, har dei funne ut at det totale CO2-utsleppet tilsvarar 112.500 tur/retur-flygningar frå London til Australia. Det er mykje, det!

– Fram til no har me hatt stort fokus på at mesteparten av karbonutsleppet kjem frå flyindustrien, transport- og matindustrien, eller løysingar som solcellepaneler, mikrogenerering, eller lagring av energi ved hjelp av kraftverk og varmepumper. Men det er ikkje alt, seier Chris Cartwright, som er ein av leiarane ved IET.

Illustrasjonsfoto: Unsplash

Tips til ein meir berekraftig livsstil på internett:

  • Slett unødvendige e-postar, videoar og bilder
  • Slå av funksjonar som til dømes automatisk avspeling på podcaster og digitale straumetenester
  • Slå av videokameraet under video-samtalar