Greta Thunberg etterlyser leiarskap

Ni dagar før starten av klimatoppmøtet i Glasgow skriv klimaaktivisten Greta Thunberg i ein kronikk i The Guardian at verda manglar leiarskap i klimakrisa.

– Alt me treng er éin – ein verdsleiar eller eitt rikt land eller ein stor TV-stasjon eller avis som bestemmer seg for å vera ærleg og verkeleg behandlar klimakrisa som den krisa det er, skriv ho.

Thunberg skriv at om me skal no måla i Paris-avtalen er det nødvendig med umiddelbare, drastiske, årlege utsleppskutt i ein skala verda aldri har sett.

Ho skriv også at me no er på veg mot ei verd som er minst 2,7 grader varmare ved slutten av århundret. Og det berre om landa i verda faktisk oppfyller dei klimaløfta dei har gitt, skriv NRK.