Øyvor og Malin er polarrekruttar: – Det er ganske sjukt eigentleg

I eit heilt år skal Øyvor Johanne Gjerde (14) og Malin Kvaal Bergland (15) lære korleis det er å vere forskar hjå Polarinstituttet.  

– Eg hugsar mamma hylte. Ho kunne ikkje tru det, fortel Øyvor Johanne Gjerde på telefon til Framtida.no.

14-åringen frå Tromsø minnest då ho fekk beskjed om at ho var vald ut til å verte Norsk Polarinstitutt sin nyaste polarrekrutt.

I eit heilt år skal ho og Malin Kvaal Bergland (15) lære korleis det er å vere forskar hjå forskingsinstituttet.

– Eg trudde først ikkje på det, seier Malin.

Har ikkje innsett kor kult det er

30 elevar frå ulike skular i Tromsø søkte, men Øyvor og Malin kom igjennom nålauget.

Malin Bergland har vore oppteken av klimakrisa og korleis den påverkar dyrelivet sidan ho var lita og såg ein skjelpadde som sat fast i plast på nyheitene.

POLARREKRUTTAR: Malin og Øyvor hadde ikkje møtt kvarandre, før dei begge vart polarrekruttar: – Det kjem til å verte eit koseleg vennskap, seier Malin. Foto: Stig Mathisen, Polarinstituttet

– Etter det har eg vore fascinert over kor fort det går med klimaendringane, fortel 15-åringen.

Det neste året skal Øyvor og Malin vere med på isbremåling i Ny-Ålesund, rypetelling utanfor Longyearbyen og på laboratoriearbeid i Tromsø. Neste sommar skal dei vere med forskingsskipet «Kronprins Haakon» på tokt i to veker.

Øyvor fortel at ho gler seg til å sjå alt arbeidet som ligg bak forskingsartiklane og -bøkene, men at det ikkje heilt har gått opp for ho enno, at dei skal flyte rundt i Arktis og sjå på isbjørn, sel og kanskje blåkval.

– Eg trur ikkje eg innser kor kult det kjem til å vere, før eg faktisk ser det. Det kjem til å vere så stort, når det går opp for meg at eg er med på dette, seier Øyvor.

Vert NRK-serie

Det dei to 14-åringane ikkje visste då dei melde seg på, var at året som polarrekruttar vert filma av NRK.

Øyvor fortel at ho trudde det berre skulle verte ein episode med fokus på naturen, og at ho kanskje ville dukke opp som forskingsassistent. Men så fekk ho høyre at det skal verte ein serie, og at NRK skal følgje dei to tett både i felt og heime:

– Og dei to orda i hovudet mitt var «wow» og «oi». Det var skummelt, men samstundes kult.

Malin klarar knapt plukke ut kva ho gler seg mest til, men å bade i sikkerheitsdrakter og å oppleve Arktis på nært hald ragar nok på toppen av lista.

Men der er ein ting ho ikkje har fortalt: Ho kan verte litt sjøsjuk.

– Eg veit ikkje kor høgt eg skal prate om det. Det er ein faktor eg gløymde å fortelje, seier 15-åringen og ler.