Slår alarm: – Det biologiske mangfaldet søkk raskare enn nokon gong

Storbritannia peikar seg ut som eitt av dei verste landa i verda.

Det biologiske mangfaldet søkk raskare enn nokon gong i historia.

Berre dei siste 50 åra har nærare 70 prosent av bestanden av pattedyr, fuglar, fisk, reptil og amfibium forsvunne, skriv BBC.

No meiner forskarane at ytterlegare éin million dyre- og plantearter er truga av utrydding.

Storbritannia er eit av landa som må ta seg kraftig saman. Ifølgje BBC er britane blant dei verste i verda når det gjeld biologisk øydelegging.