Søskenmobbing er ikkje greitt

Søsken som mobbar kvarandre har det dårlegare seinare i livet.

Søskenmobbing er faktisk veldig vanleg, skriv Ung.Forskning.no. Undersøkingar i England viser at halvparten av alle 11-åringar har opplevd mobbing i søskenflokken. Barna har enten vorte mobba, mobba sjølv eller begge delar.

Søskenmobbing blir ofte ikkje tatt så alvorleg. Familien kan gjerne tenka at det er naturleg at søsken hakkar på kvarandre.

Ein ny studie viser at barn som opplever søskenmobbing ofte har det dårlegare psykisk når dei blir eldre. Det psykiske handlar om kva du tenker og føler – altså korleis du har det inni deg.

17 000 unge

Forskarane Umar Toseeb og Dieter Wolke har undersøkt svara til over 17.000 personar som har vore med i ei stor undersøking i England.

Deltakarane har vore med i undersøkinga sidan dei var barn. Dei har svart på spørsmål fleire gangar etter kvart som dei er vorte eldre.

Resultata viste at dei som opplevde søskenmobbing då dei var i 11-årsalderen, hadde det dårlegare psykisk seinare i ungdommen.

Litt dårlegare

Både dei som mobba og dei som vart plaga hadde det dårlegare. Men ifølgje forskarane er ikkje forskjellen så stor. Altså: Dei som opplever søskenmobbing har det ofte litt dårlegare enn dei andre, men ikkje mykje dårlegare.

Forskarane veit ikkje sikkert om det var mobbinga som gjorde ungdommane dårlegare psykisk. Kanskje var det i staden slik at barn som har det dårleg psykisk, oftare bråkar med søskena sine? Her må det fleire studiar til for å vera sikker.

Likevel finst det mange grunnar til å kjempa mot mobbing. Mobbing er skadeleg for barn, og ein norsk studie har også vist at den vonde verknaden kan vara heilt inn i voksenlivet.