Verdas isbrear forsvinn

I dei italienske alpane pakkar dei isen inn i plast i eit desperat forsøk på å forseinka smeltinga av isbreen.

På lang avstand ser det ut som ein alminneleg snødekt slalåmbakke. Det er først når ein kjem nærare det blir tydeleg at det ikkje er snø ein ser. Halve bakken er pakka inn i plast, skriv NRK.

FNs siste klimarapport gjer det klart: I område der breane er forholdsvis små, som i Skandinavia og i Alpane, vil så godt som alle isbrear vera borte før århundreskiftet.

På bilete under kan du sjå Nigardsbreen som har trekt seg tilbake 130 meter på tre år.

OGSÅ I NOREG: Hallgeir Elvehøy, senioringeniør i Norges vassdrags- og energidirektorat, tar målingar på Nigardsbreen, som er en brearm av Jostedalsbreen. På tre år har den trekt seg tilbake 130 meter. Foto: Berit Roald / NTB