3,7 millionar kilo plast i Middelhavet

Forskarar har rekna ut kor mange tonn plastsøppel som flyt rundt i Middelhavet.

Forskar Kostas Tsiaras og samarbeidspartnarane hans har freista å finna ut kor mykje plastsøppel som faktisk kan vera i Middelhavet. Det er ikkje så rart at forskarane har valt seg ut Middelhavet, skriv Ung.Forskning.no.

Det er nemleg god grunn til å tru at dette havområdet er ekstra utsett for forsøpling av plast. Vatn kan flyta ut og inn mellom Middelhavet og det store Atlanterhavet, igjennom ein kanal som kallast Gibraltarsundet. Det er veldig smalt. Derfor er det ikkje så mykje utskifting av vatnet i Middelhavet.

Både badegjester, innbyggarar, fabrikkar og båtar slepper frå seg små og store bitar med plast langs kysten. I tillegg renner òg fleire store elvar ut i Middelhavet. Dei tar med seg endå meir plastsøppel.

Små og store bitar

Plasten i vatnet kan vera alt frå store plastflak og garn og bøtter, til bitte, bitte små plastkorn – altså mikroplast. Mykje flyt på overflata, men noko søkk òg nedover og noko legg seg på botnen.

Tsiaras og samarbeidspartnarane hans har brukt kunnskapen som finst om kor mykje plast som blir sleppt ut, og om kva som skjer med plasten når den kjem ut i havet. Resultata viser at det vart sloppe ut 17.000 tonn plast i Middelhavet i åra mellom 2010 og 2017. Og over 3.700 tonn plast flyt truleg rundt der endå.

Dette er det same som 3,7 millionar kilo plast.

MIDDELHAVET: Mange europeiske land ligg ved kysten av Middelhavet, som Spania, Frankrike, Italia og Hellas. I Afrika ligg til dømes Egypt, Libya og Algerie ved Middelhavet. Det gjer òg dei asiatiske landa Syria og Israel. KART: Wikipedia