Fiskane på La Palma forsvann lenge før vulkanutbrotet

Fiskarar på La Palma meiner at fiskane må ha merka at det var noko på ferde med vulkanen på øya – dei forsvann nemleg fleire månader før det store vulkanutbrotet.

Det er ikkje berre på land at vulkanutbrotet på La Palma gjort skade. Det har også ført til store endringar under havoverflata, skriv NRK.

Avisa El Mundo har snakka med fiskarar på øya, som melder om at dei merka at noko var annleis med havet i år.

– Vanlegvis er vatnet varmt i overflata og kjølig under. I år var det varmt i overflata, og enda varmare under. Me skjønte ingenting. Men no forstår me at fiskane må ha merka vulkanen, seier fiskar Nicolás San Luis.

Les også: Massivt vulkanutbrot på kanariøya La Palma

– Har forlatt området før lavaen kom

Spansk tv har vore i kontakt med ein oseanograf med namn Eugenio Fraile. Ein oseanograf jobar med hav og studerer havet sine eigenskapar. Han fortel at når lavaen renner ut i havet, blir ph-verdien i vatnet senka. Det fører til at vatnet blir surt.

– Dette driv levande vesen vekk frå området og det kan ta år før dei kjem att. Men i motsetnad til korallane og andre artar på havets botn, har fisken forlatt området før lavaen kom.

Han samanliknar utbrotet med eit anna som skjedde ved øya El Hierro i 2011. Der gjekk utbrotet hardt ut over fisket i området, men etter ei stund stabiliserte det seg, og gjekk tilbake til slik det var før. Kanskje det til og med vart betre enn utgangspunktet.

– Lava kan vera fruktbart både for jordbruket og for livet under vatn, seier han.