Stadig fleire damer vil på jakt

I alt var nesten 79.000 norske kvinner oppført i Jegerregisteret ved utgangen av jaktåret 2020/2021.

Andelen kvinnelege jegrar aukar litt for kvart år som går. Dei siste 20 åra har prosentandelen auka frå 8 til litt over 15 prosent, skriv SSB.

Det er framleis mest menn som driv med jakt i Noreg. Faktisk er det slik at av alle norske menn over 15 år, er kvar femte oppført i Jegerregisteret.

Mange er registrert – ikkje alle jaktar

Det er likevel ikkje alle som er registrert som jeger som faktisk går på jakt. I jaktåret 2020/2021 var det 193.000 av 442.000 registrerte jegrar som betalte jegeravgift, og dermed får lov å gå på jakt.