Ser du kva som er gale med Askepott sin boge?

Filmplakaten til den nye Askepott-filmen har fått enkelte miljø til å vakna.

– Me har jo greidd å gjera ein generaltabbe, seier filmprodusent Frederick Howard til NRK.

Han siktar til bogen Askepott held i handa. Den er nemleg spent feil veg. Frederick Howard er produsent for filmen, der Astrid Smeplass og Cengiz Al speler hovudrollene.

FOTO: STORM FILMS/NORDISK FILM DISTRIBUSJON / NORDISK FILM

Han fortel at han har vore i kontakt med både bogeskyttarforbundet og historisk interesserte folk på grunn av plakaten.

Vil ikkje fungera

Skivebommen har fått bogeskyttarar til å reagera. Noregsmeister, Ola Klåpbakken frå Vinstra i Gudbrandsdalen ristar på hovudet av bildet.

– Den bogen vil ikkje fungera i det heile, seier han.