Fantorangen i James Bond-film

Når den nyaste James Bond-filmen har premiere 1. oktober er det ikkje berre verdsstjerner som Daniel Craig som dukkar opp. Det gjer òg Fantorangen!

I ei scene som er filma i Nittedal, dukkar det velkjente barne-TV-programmet opp på ein TV-skjerm.

– Det er veldig gøy. Det er absurd at det er James Bond av alle filmar – ein av verdas mest sette filmar, seier Berit Nermoen, ein av skaparane av Fantorangen til VG.