Manglar over 2000 helsesjukepleiarar: – Det burde nesten vore ulovleg

Kommunar over heile landet slit med å få tak i helsesjukepleiarar.

Det manglar over 2000 helsesjukepleiarar i Noreg. Det viser ei undersøking Sintef har gjort for Landsgruppa av helsesjukepleiarar (LaH). Dei er ein del av Norsk sjukepleiarforbund.

I Tønsberg valde kommunen til slutt å tilsetja sjukepleiarar som framleis er under utdanning til å bli helsesjukepleiar, skriv NRK. Då fem helsesjukepleiarar skulle pensjonerast samtidig, måtte kommunen til slutt oppfordra helsesjukepleiarar som ikkje var ferdig med utdanninga, til å søka.

Rektor Jan Erling Losnedal på Vear skule i Tønsberg seier til NRK at han aldri har opplevd ein liknande situasjon. Dei har mangla helsesjukepleiarar både på barneskulen og ungdomsskulen.

– Utruleg kjipt

Vilde Bugge Larsen (17) er tidlegare elev ved Vear ungdomsskule. I dag er ho medlem av Ungdomsrådet i Tønsberg. Ho synest mangelen på helsesjukepleiarar er skremmande.

– Eg synest det er utruleg kjipt. Det burde nesten vore ulovleg. Me ungdom går gjennom ei tøff tid og då er det utruleg viktig at me har lett tilgang til ein helsesjukepleiar som me kan støtta oss til, fortel ho til NRK.

Ho leggjer til at det kan få store konsekvensar for barn og ungdom.

– Det går utover psyken og det fysiske til ungdommen om ein ikkje får den hjelpa ein treng. Konsekvensane blir at ein kanskje går rundt og slit. Det å få hjelp frå ein helsesjukepleiar kan faktisk redda liv.