Kvifor bur det så mange forskarar på Svalbard?

Heile ti land har forskarar på plass i Ny-Ålesund som er den nordlegaste busetjinga i verda. Kva er det som er så spennande akkurat der?

Øygruppa Svalbard ligg omtrent midt mellom fastlands-Noreg og Nordpolen. Før forskarane kom til Ny-Ålesund, dreiv folk med gruvedrift der. Dei henta ut kull og selde det vidare, skriv Ung.Forskning.no.

Men på grunn av fleire fryktelege ulykker kor mange gruvearbeidarar mista livet, vart gruvedrifta til slutt lagt ned i 1963. Ei stund etter at gruvedrifta vart lagt ned, starta forskarar fleire prosjekt i området. I 1968 bygde Norsk polarinstitutt ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund, som skulle takast i bruk året rundt.

Forskar på klima

– Klimaet på jorda endrar seg, og det blir varmare. Desse endringane er særleg tydelege langt mot nord, som på Svalbard, skriv Helge Tore Markussen i ein e-post til Ung.Forsking.no.

Han jobbar i Norsk polarinstitutt som stadleg leiar for den norske forskingsstasjonen som ligg i Ny-Ålesund.

– Ny-Ålesund er ein fantastisk plass å vera for å studera endringane i klimaet. Og korleis desse endringane påverkar dyr, plantar, isbrear og mykje meir.