Koronakrisa har starta sykkelboom i Europa

Europeiske byar har bygd kilometervis av sykkelstiar under koronapandemien.

Då koronaen kom til Europa i 2020, ramma den trafikksystemet i hundrevis av europeiske byar. Ein kan ikkje halda to meters avstand i bussar og tog midt i rushtida. Difor vart det vanskeleg for mange å nytta offentleg transport, skriv Verdens Beste Nyheter.

Viss alle skulle køyra eigen bil ville det vorte for trongt på vegane. Derfor byrja europeiske byar og land, frå London til Paris og frå Belgia til Irland, å laga sykkelstiar i lyntempo.

Så langt er det bygd 1410 kilometer sykkelsti, og det er over 2500 kilometer som skal byggjast.