Har kattar elska koronatida?

Kjæledyra våre har hatt det bra under koronaen. Kattar ser ut til å ha hatt det aller best, tyder ein ny studie på.

No har forskarane sett på korleis pandemien har prega kjæledyra våre. Mange av oss har vore mykje meir heime sidan samfunnet vart lukka i mars 2020.

Dyra våre, som er van med at vi forlèt dei etter litt mat og kanskje ein rask luftetur på morgonen, har hatt oss mykje meir heime.

Det er ikkje så lett å spørja kattar og hundar om korleis dei har hatt det. Derfor har forskarane spurt eigarane deira om korleis dei har opplevd åtferda deira i denne perioden.

Meir avslappa

Over 5000 eigarar av kjæledyr i Storbritania har mellom anna vorte spurt om dyret har forandra seg i denne perioden. Mellom 20 og 30 prosent seier at kjæledyret vart meir avslappa under pandemien. Mellom 10 og 15 prosent meiner at dyra hadde fått meir energi og vorte meir glad i å leika.

Forskarane vart litt overraska over at det var fleire katteeigarar som meinte at dyra deira hadde vorte meir kjærlege enn eigarane av hundar og andre kjæledyr.