Er du trøytt om morgonen?

Er det tungt å sette beina på golvet om morgonen? Her er søvnforskaren sine enkle triks!

Mørke morgonar om hausten gjer det ikkje akkurat enkelt å få kroppen ut av senga. Så, kva kan du gjere for å få ein lettare start på dagen?

– Set på mykje lys etter at du vaknar, det kan vera ein god idé, fortel Janne Grønli, professor og forskningsleiar i Bergen Stress and Sleep Group til NRK.

Må ha nok lys

Søvnforskaren forstår godt at du synest det er tungt å stå opp om morgonen, og at du er trøytt på ettermiddagen. Viss vi ikkje får nok lys, blir det fort slik.

– Lys har den fine effekten at det fortel oss at no er det tid for aktivitet. Dei signala får vi mindre av når det er mørkt. Du treng lys både for å vakne og for å halde på energien utover dagen, seier ho.

Dette er lurt:

  • Det fyrste du gjer om morgonen: Slå på lys!
  • Set fram ekstra lampar ved frukostbordet.
  • Byt lyspærer til sterkare pærer, og sett på alt du har om morgenen.
  • Men hugs å ha mindre lys på om kvelden.