LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: A. Audhild Solberg

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

Først ut er A. Audhild Solberg. 

Solberg debuterte med boka «Kampen mot superbitchene», som vart ein stor suksess. Ho vart seld til fleire land, og er no i ein serie på fire. Hausten 2019 kom «Harpa» ut, og denne vann ho Bokslukerprisen 2021 for.

Ho vil anbefala ein spennande grøssar, og to kjempefine barnebøker som begge handlar om det å oppdaga at ein er forelska i ein av same kjønn.

Foto: Aschehoug

Ti kniver i hjertet – Nora Dåsnes

Tuva i Ti kniver i hjertet går i sjuande og blir dratt mellom venninnene Linnea og Bao. Linnea er opptatt av gutar, Bao vil helst leike i skogen.

Men kva vil Tuva? Vil ho kanskje aller helst bli kjent med den nye jenta på skulen?

Denne teikneserieboka ser ut som ei dagbok inni, og passar for deg som likar bøker om vennskap, drama og forelsking.

 

Foto: Samlaget

Kampen – Geir Egil Eiksund

I Kampen er det ein ny gut som set følelsane i sving. Andreas på 11 likar å spela fotball og henga med venninna Sara.

Men så flyttar Viljar til bygda, og Andreas blir kjempeforelska.

Korleis skal det gå? Denne boka handlar også om vennskap, forelsking og om å kjenne seg litt annleis.

Les også: Geir Egil har skrive barnebok om homofili

 

Foto: Cappelen Damm

Dødens spill – Anne Elvedal

Viss du likar skumle bøker, må du lesa grøssaren Dødens spill.

Han handlar om 16 år gamle Rebekka, som nettopp har mista far sin i ei ulykke. Eller blei han faktisk drepen?

Plutseleg hamnar Rebekka midt i eit overnaturleg mysterium som er kjempespennande!

Har du eit lesetips til andre barn og unge? Del det i kommentarfeltet!