Skule blir kalla opp etter Black Panther-stjerna

Ein høgskule i USA der Black Panther-stjerna Chadwick Boseman studerte, vil bli omdøypt etter skodespelaren.

Howard University i Washington DC hadde nyleg gjort om namnet på «College of Fine Arts» til «College of Arts & Sciences». Så ombestemte dei seg, då dei ville heidra den avdøydde skodespelaren Chadwick Boseman. Namnet på skulen er derfor no endra til «Chadwick A. Boseman College of Fine Arts».

Chadwick var mest kjent for å spela King T’Challa i Disney-filmen Black Panther. Han døydde i august i fjor, 43 år gammal.

Boseman er ein av dei mest berømte studentane som har gått på denne skulen i Washington DC. Han vart uteksaminert frå universitetet i år 2000.

Les også: Fekk pris etter sin død