No kan par i Kina få fleire born

I dag er det berre lov å få to born i Kina. No vil dei opna for at talet blir tre.

Me må heilt tilbake til 1950-talet for å finna lågare fødselstal i Kina enn det er no. I 2020 hadde landet 1,3 fødslar per kvinne, skriv VG.

Grunna dei låge tala, vil Kina no endra familiepolitikken sin. Dei vil opna for at familiar kan få tre born, mot to som er maks i dag.

Problemar med å halda befolkningsveksten oppe

Sjølv om kinesarane har lov til å få to born, velger mange familiar altså berre å få eitt. Det kan føre til at Kina kjem til å få problem med å halda befolkningsveksten oppe.

Det er problematisk sidan talet på folk som er i jobb fell for raskt. Landet står ovanfor ei eldrebølgje, noko som kan få følgjer for den økonomiske utviklinga til stormakta.

Det er enno uklart om dei nye reglane trer i kraft med det same, eller om det kjem til å koma ein dato på eit seinare tidspunkt.

Eit born for å ha kontroll

Kina hadde lenge ein regel om at det berre var lov å få eitt born. Perioden som vara mellom 1979–2016, var eit tiltak for å ha kontroll på befolkningsveksten.

I dag bur det om lag 1,4 milliardar menneske i Kina.