Fekk pris etter sin død

Chadwick Boseman vart heidra for rolla si i «Ma Rainey’s Black Bottom» på Golden Globe.

Skodespelaren Chadwick Boseman, som mellom anna er kjent for hovudrolla i «Black Panther», døydde av kreft i fjor. Då var han berre 43 år gamal.

No har han vunne Golden Globe-pris for beste skodespelar i ein dramaserie.

Han fekk prisen for rolla si i Netflix-filmen «Ma Rainey’s Black Bottom», skriv NRK.