I dag er det supermåne

Eit par gonger i året kjem fullmånen tettare på jorda enn normalt. Dette blir kalla supermåne – og i dag kan du oppleva årets største.

Eit par gonger i året kjem månen uvanleg tett på jorda.

Det gjer at den tek omtrent sju prosent meir plass på himmelen, og at den lyser om lag 16 prosent sterkare enn enn det den normalt sett gjer, skriv Illustrert Vitenskap.

Grunna oval bane

Dette fenomenet blir kalla supermåne, og det skjer fordi bana månen går i er oval. Sidan orda ikkje ligg midt i ovalen, vil månen si avstand til oss på jorda variere i løpet av ein månad.

Månen er supermåne i Noreg 26. mai 2021 kl. 13.13.